Nokre kritikarar hever bokmeldingar til over kritikken og nyttar høvet til å stille prinsipielle spørsmål eller seie noko meir. I meldinga si av Mørkerom skriv Eivind Myklebust rørande godt om blikk og visuelle bilde sin plass i skapnad av minne: Karlsvik minner om at vårt «viktigaste verktøy er blikket», og gjer lesaren til ein fotograf utan apparat: «Mørkerom» vekkjer trong til å verkeleg sjå seg sjølv og dei rundt seg. For identiteten vår er ikkje berre støypt rundt vårt eige sjølvbilete, men også bygd på bileta vi har av andre. Vi reflekterer kvarandre; ta vare på lyset det gir.
Han skriv óg: «Photography is inescapably a memorial art», skriv Teju Cole i essayet «Memories of Things Unseen». Når Karlsvik skriv om fotografia etter faren, fyller ho tida og rommet rundt dei med liv. Med «Mørkerom» har ho ikkje berre laga eit minnesmerke til faren, men også kalla fram ein straum av tankar om korleis minna våre formar oss og korleis vi samlar minna våre rundt augeblinkar – fanga eller ikkje fanga i fotografi. Romanen er eit farsportrett, men også eit sjølvportrett: eit sjølvbilete og eit bilete av staden, menneska og det livet som blei laga der ho vaks opp.
Godt laga litteraturkritikk!