Mette Karlsvik (f. 1978) er forfattar, dramatikar, frilansjournalist og litteraturformidlar.
Leiar for juryen til Vindtorns Poesipris, styremedlem i Bjørnsonakademiet, og komitémedlem i jury for debutantstipend (NFFO) . Har vore ekstern sensor på mastertesene til kunststudentar ved KHiO, og har to gongar leidd juryen som kårer Årets Trafotalent. Har frå før fem års røynsle som leiar i komite for Andre kunstformer (Statens kunsterstipend/ Kulturrådet), og var styremedlem i Forfatterforeningen frå 2011 til 2019. Haddeansvar for litteraturdelen av biennalen Greenlight District Festival, og er, i tillegg til å vere tekstforfattar for, også produsent for operaprosjektet Surtsey.
Har lese, vurdert og konsultert rundt femti manus via Trafo.no sidan 2008. Les sporadisk tekstar for forlag, men tar også konsulentoppdrag for privatpersonar som tar kontakt gjennom Norsk Forfattersentrum. Slik har eg fulgt fleire forfattarar frå uferdige manus til å sende inn til forlag. Eg har òg konsultert noko skrift for scena.
Ta direkte kontakt på med info@skrift.info, eller gå gjennom Norsk Forfattersentrum!
Prisar
2005: Tarjei Vesaas Debutantpris
2011: Sigmund Skard - stipendet
2011: Nominasjon til Brageprisen (for Bli Björk)
2012: Stig Sæterbakkens Minnepris
2012: Bokhandlerstipendet
2012: Målprisen frå Nordmøre Mållag
2013: Skien kommunes kunstnerstipend (inkludert eitt års opphald i Henrik Ibsens barndomsheim Ibsengården)
Medlemsskap: Den norske forfatterforening (DnF), Norsk faglitterær forfatterforening (NFF), Dramatikerforbundet, Norske barne- og ungdomsbokforfattere (NBU), Forfattersentrum og TONO.
I media:
Cathrine Krøger om Bli Björk
Gudmund Skjeldal vitjar forfattaren heime på Holmenkollen i samband med Den beste hausten er etter monsun:
P