Mørkerom er meldt av Odd W. Surén i Dag og tid. Så vidt eg kan hugse har Surén lese og meldt alle bøkene som eg har skrive som er kommet ut på Samlaget. Og det er eg takksam over. Det er mykje å lære av å bli lesen igjen og igjen, av ein som ser "meg", altså forfattarskapen, så klårt. Samstundes er han ein meldar som er audemjuk i formidlinga av andre sin litteratur.
Då er det stas å bli mildt irettesett om alt eg ikkje sjølv veit om teksten
(om det underliggande tema, som er redsla om vaksenlivet)
og om edderkoppar som ikkje er insekt, er dei krypdyr, då?
Så treng eg ikkje gruble meir på søknadar om skrivestønad. Korleis eg skildrar prosjektet mitt og kunstarskapen? Eg siterer berre Odd W. Suréns melding av Mørkerom, der han oppsummerer forfattarskapen slik:
Mette Karlsvik har funne sin eigen måte å skriva romanar på, der ein gjerne kjem inn i boka via eit oversyn, anten reint fysisk, at ein ser det viktige litt på avstand først, før ein kjem nærare og ser detaljane, eller ved ei vitskapeleg tilnærming, der hendingar først vert skildra objektivt og generelt, før teksten kjem til det spesielle tilfellet boka handlar om. I den nye romanen kan ein sjå årsaka til at det har vorte slik, utan at ho gjer noko poeng av det. Årsaka ligg i bakgrunnen, både hennar eigen og farens. Faren var flygeleiar av yrke, men han hadde også ein hobby, beint fram ein lidenskap, nemleg fotografering. Og just slik har Mette Karlsvik vorte som forfattar, flygeleiar og fotograf. Ho styrer med fjerne objekt, og zoomar seg inn på dei nære.
Eg siterer han óg gjerne på siste setning, som er at romanen "står til laud". Sjølv om stipendkomiteane gjer opp meininga si på grunnlag av lesnad av bøker og ikkje av bokmeldingar.