Kritikarane får fleire stipend, har betre arbeidsvilkår, blir sannsynlegvis skarpare. Samtidig går rykta om mindre spalteplass til kritikken. Kollegaer, og særleg poetar, fortviler over fråver av meldingar. At når dei først kjem på trykk i aviser så er dei ofte stutte og illustrert tabloid; med terningkast.
Står det verkeleg så ille til med kritikken? Erfaringa mi etter meldingar frå siste boka er at kritkken er skarp og presis. Eg har fått mange meldingar for Varmá. Lesningane er treffande og syner at meldarar verkeleg har lese, nært. Herfrå ser ikkje kritikken ut til å vere i noko krise, ikkje om eg tar kvalitet eller kvantitet i syne. Romanen min har vore lese grundig. Medlarar les inn det eg håpte dei skulle sjå og ting eg sjølv ikkje såg. Dei viktigaste papirblada for brei, norsk bokmelding, Klassekampen og Morgenbladet har gitt særleg stor spalteplass og lesnadar som ser meir i boka enn eg sjølv såg då eg skreiv ho.
Bekymringen om klimaendringer, om økosystemene og Jordens hårfine balanse er påtagelig romanen gjennom, og Karlsviks lovsang til Islands historie blir derfor også en betimelig jeremiade om skjendingen av vårt livsgrunnlag.
Frode Johansen Riopelle i Morgenbladet 16/12-16
NTB har bidrege til å spreie eit intervju der eg får fortelje om kontekten til skrivinga. At medier publiserer intervju samtidig med meldingar er viktig for heilskapen i resepsjonen av eit verk. Eg ønskjer at fleire gjorde det oftare. Dagsavisen er av dei som gjorde det, og har igjen vore rause og gitt meg framside-plass. Ei slik henvisning står som ein plakat i avisstativ over heile landet, og er ei gåve til PR-arbeidet kring bøker. Også BT ser ut til å skjønne kva denslags plass betyr for eit forfattarskap, og var rause med framsideplass. Dagbladet gav også eit flott dobbeltsideoppslag og ein lesnad som fokuserte på det Cathrine Krøger likte med boka. Bjørn Gabrielsen har, med utgangspunkt i romanen, skrive ein herleg slentrande underhaldande og tilbakelent kommentar om boka mi og kanskje også litteraturpolitikk. Alt dette er over forventing, og eg kan berre forklare det med tida; adventstida, at boka mi kjem sist av alle, at meldarar og journalistar kanskje har rydda noko plass på skrivebord og timeplaner og at det slik sett løner seg å gi ut bok i desember. Då har bokhandlarar forlengst avgjort kva bøker som blir kampanjar i julehandelen. Priskomitear har forlengst nominert og utdelt prisane av året. Men for denne skrivaren er dét å få meldingar; å få vite akkurat kva dei kvalifiserte lesarane meiner er bra og mindre bra, det som utveklar meg mest som forfattar. Ein kan seie at det er noko rørande med at ein i Noreg har råd til å kimse av julesalet og prisnominasjonar: At det å konsentrere seg om kvalitetane i språk og tekst, er den største verdien. Det kan løne seg for kunsten, kulturen og språket, i det lange løpet.
Når historien tykner, når de politiske og miljømessige sammenhengene blir flere og mer komplek- se, er det som om Varmá ekspanderer og speiler utviklingen i egen form. Også ledemotivet, elven, renner på slutten av romanen over sine bredder som følge av menneskeskapte klimaendringer.
Frode Johansen Riopelle i Morgenbladet 16/12-2016
Morgenbladets melding står i denne veka sitt nummer, og er signert Frode Johansen Riopelle. Han drar veksel på Twains Huckleberry Finn i lesnaden, og innleier og sluttar med refleksjonar om elver sin dramaturgi og elver sine løp, dei lange og naturleg forkrøpla og kva dei gjer eller kan gjere med forma på romanar.
Her frå Dagsavisens oppslag: