I serien Synsingar, kjem ein stutt refleksjon over Kulturdepartementet og minister Linda H. Hellelands "kulturfest" med resepsjon i regjeringens representasjonsbustad.
Ettersom eg skjønner, er det mykje arbeid og lite direkte inntekt å hente for den jamne forfattar som får bøker solgt til utlandet. Ettersom eg har høyrt, bruker forfattarar dyrebare arbeidsveker på å reise rundt på utanlandslanseringar, -seminar, -promoteringar og så vidare, utan å få særleg betalt tilbake for tapt arbeidstid på turane. Det sjeldan store pengar å hente frå utanlandske kontraktar. Sjølv fekk eg ei bok omsett til mandarin, engelsk, bengali og hindu, for utgjevnad i Kina og India. Tre av dei absolutt største språka i verda, og likevel var inntekta mi på dette salet rundt 6000 kroner.
Eg synest det er heilt på sin plass at Kulturdepartementet riv i ein liten fest for kunstnarar som, ved sidan av å skape stor kunst og vere gründarar, også er av dei beste ambassadørane Noreg har i utlandet. For nokre gongar er det ein treng for å halde fram å slappe av og feire noko ein har oppnådd. Nyte etter yte og så vidare. Det gjeld ikkje berre dei som går fem mil på ski, men også dei som gjennomfører det mentale maraton av å skrive bøker. Likevel kritiserer kunstnarar Kulturdepartementets såkalla "kulturfest", eller, som snart vart brukt; "kjendisfest". Kvifor?
Fordi festen for dei få kostar fire-fem arbeidsstipend, altså fire-fem gongar det staten kallar eit årsverk for ein norsk kunstnar. Heller enn å gi tre-fire kunstnarar mulegheita til å fordjupe seg i arbeidet sitt, bruker staten skattepengar på vin og kanapeer til kunstnarane som allereie har "klart det". At heller enn å stø tre-fire gründarar, som den sitjande regjeringa elles snakkar om som viktige og støtteverdige borgarar, stør dei drykk og drøs. Ettersom eg kjenner kunstfeltet, manglar det ikkje mulegheiter til å drikke. Det manglar stipend og støttemiddel. "Kunsten som blir feira må bli laga," og så vidare. Så eg trur ikkje at hovudgrunnen til kritikken er at det blir feira. Eg trur det handlar om namnet Helleland gav feiringa. Kulturfest. Det er lett å kritisere ein kulturfest når den ikkje feirar det som er det aller viktigaste og beste med norsk kunstcene: Mangfaldet. At det finst "ei stemme for kvar lesar og lyttar". At ein har breidda som får fram elita og så vidare. At ein i norsk litteratur, til dømes, har bøker som kan treffe så mange typer lesarar er fantastisk. Det skulle ein óg ha hylla. Men denne gongen var ikkje dét agendaen. Og eg trur ikkje at KD i god nok grad klarte å formidle kva dei eigentleg feira: verdas beste ambassadørar for Noreg i utlandet.