Heim
  • Bok & scene
  • Skriv for blad
  • Underviser
  • Bestillingsverk
  • Nettlogg
  • Verk
  • Om/ kontakt

Nokon skal vurdere kunsten

Fagfeller gjer det best

tys.juli.2017

Bakgrunn: Dagbladet har sett at Facebook er ein del av kunstnarar sitt fagmiljø og legg dette til grunn for anklagar om korrupsjon og nepotisme innanfor stipend- og stønadstildelingar. Det står i artiklar dei har trykt den siste veka.

Premiss: Politikarane er for smarte til at dette får verknad. Men eg tar ingen sjansar. Dagbladet bruker for mange journalistar, metervis med spalteplass og uante ressursar på å feilinformere. Og konsekvensen, viss politikarane ikkje var oppvakte nok, kunne vere ei svekking av dei kulturpolitiske ordningane som kjem alle kunstnarane tilgode. Difor har eg denne kronikken i Dagsavisen i dag. Og same dag kjem ein kronikk av Kulturrådets direktør Kristin Danielsen. Ho kjem til ein av dei same konklusjonane.

Tema: Forvaltning av kulturrådets middel til kunst.

Dagbladets påstand: Korrupsjon i fagkomiteane og -utvala som innstiller til stønaden.

Argumentet/ beviset til Dagbladet: Norske kunstnarar har kvarandre i kontaktlistene sine på Facebook.

Min påstand:

1. Fagfellevurdering har, gjennom historia, vist seg som den beste måten for den alltid vanskelege, skjønnsmessige vurderinga av kunstnarisk kvalitet.

2. At Dagbladet i god gamal stil prøver å stå på sida til dei svakarestilte. Men at dei fell for fristinga av å lage ein klikk-vinnar av ein sak. Ein lettvint sak. Det er lett å finne skuffa, sinte og snakkesalige avviste stønadssøkjarar. For dei er i fleirtal. Desverre. 

Håpet: At når staten har råd til å løve pengar for meir administrasjon til innsyn i innstillingsprosessane, så vil spekulasjonane og konspirasjonane svinne hen. Akkurat som dei gjorde rundt Forfatterforeningens Litterære råd tidleg på nittitalet. 

  • ‹ Forrige
  • Neste ›
© 2023 Mette Karlsvik
info[at] skrift.info
Personvern + kredditering
Design og utvikling Sømme