På byrjinga av 00-talet forelska eg meg i forskninga. Det var då eg studerte ved Universitetet i Bergen, og vart stadig utfordra til å tenkje at det ikkje er så enkelt. Det var om å gjere å ikkje falle for den eine eller den andre teorien. Dei var ofte polariserte teoriar. Og eg såg at dei beste var dei som sa noko så enkelt som at løysinga er ein stad imellom. I Bergen fekk eg dessutan skrive frilans for universitetsbladet Hubro. Forskningsformidling viste seg også å vere ei øving i dette, men óg ein kamp med og mot det: Arbeidet gjekk ut på å lese nye forskningsrapportar, intervjue forskarane og forsøkje å omsetje dette vanskelege og svært spesifikke til eit enklare og meir klårt språk. Professorane og stipendiatane vart utan unntak provoserte av resultatet. Alt for enkelt, alltid. Alle nyansane er borte, sjølvsagt. Slikt skjer når ein kokar eit kilo dokument ned til to tusen teikn, mellomrom inkludert. Og nei, eg, forskningsformidlaren, er ikkje ekspert på nanoteknologi eller den nye etikkdiskusjonen innanfor det og det feltet. Eg er ekspert på språk og min jobb er berre det: å omsetje, forenkle, finne dei store omgrepa for tusen detaljar.
Forskarar “skal” operere i store format og ha plass til nyansane. Det andre tar media seg av. Det var med forundring at eg fann ein kronikk underskrive tre forskarar ved Senter for Utvikling og miljø, Universitetet i Oslo. I den stutte teksten sablar forskarane ned intet mindre enn fire romanar. Tomas Espedals Året, Brit Bildøen Sju dagar i august, Agnar Lirhus’ Liten kokebok og min Den beste hausten er etter monsun. Forskarane oppsummerer fire vidt ulike kunstprosjekt i denne setninga: "Dei tematiserer klimaendringane gjennom gjenkjenning, der karakterane sine langt på veg håplause - apatiske, eller også fornektande - val og skjebnar står til den kjensla av desperat, men likevel likeglad, rådvillskap som mange av oss opplever i møte med klimaendringane."
Tomas Espedal: Tematiserte du klimakrisa då du skreiv Året? Kva tenkjer du om å bli definert som ein tematisk forfattar? Og vidare som ein som skriv “kli-fi”? Kva tenkjer desse forfattarane om å få sine intensjonar definert av UiO-forskarane? Og kva tenkjer dei om intensjonen som dei er gitt?
Sjølv tenkjer eg på Espen Stueland. Han motsett seg ikkje rolla som ein tematisk forfattar eller ein som har ein tydeleg klimaorientert intensjon med sin litteratur. Men han fortel ikkje andre forfattarar kva dei driv med eller andre bøker kva dei er. Iallfall ikkje i éi setning. I eitt av dei mange klima- og litteraturarrangementa han har snakka i, det kan vere på Blå (med m.a. Lirhus, Tom Egil Hverven og Inger Elisabeth Hansen) eller på Bøker i Bø (der han m.a. snakka om Lirhus’ Hva var det hun sa), fekk han spørsmålet Skal forfattarar engasjere seg i “klimakampen”? Og i same gate, men frå eit motsett standpunkt: Kan ein forfattar som skriv (klima)politisk lage god, open, ikkje-didaktisk, ikkje-kampanjerande og intensjonell litteratur? Stuelands haldning er at dei kan det, men at dei ikkje må.
Boka må ikkje vere noko.
Boka kan vere alt.
“Romanar blir gjerne lest med større iver enn rapportar,” skriv kronikkforfattarane i KK i dag. Ein av grunnane kan vere nettopp dette: At romanen er eit stort rom. Og særleg romanar som dei nemner i avisa idag. Eg har ikkje lese dén av Lirhus, men har lese Bildøens og Espedals. Dei er begge avanserte romanar som eg har vore med meg i lang tid etter lesnad. Eg ønskjer ikkje å redusere dei med kjappe analysar her. Men la meg nemne noko av det som, eitt år etterpå, framleis heimsøkjer meg med Bildøens roman: Ei fortetta handling i tronge rom over ei knapp veke. I eit kammerspel frå ein bustad på Grønland i Oslo tar Bildøen likevel inn ein heil klode. Og heile tida kjenner ein på eit tap. Ein melankoli, javisst. Dét er kva eg trur Bildøen var ute etter å skildre: Å vise fram melankolien. Ikkje komme med vitskapelege løysinger til klimaproblema. Ikkje teikne fram ein romanhelt som køyrer elbil og to og går til kamp mot oljeutvinning og gjer alt rett og slik, på pedagogisk vis, syner lesaren korleis ein helst skal handle. Den romanen ville eg ikkje gidda lese. Men både Bildøens og Espedals romanar vekker sterk kjærleik og lengt i meg. Det mobiliserer eit ønske i meg til å ta vare på naturen.
Men best av romanane som blir omtalt trudde eg at eg kjente min eigen. Men når eg ser også denne skildra som “tematiserande klimakrisa”, så blir eg først forvirra sidan provosert. Eg ser ikkje korleis ein seriøs lesar kan påstå noko om mine intensjonar. Det er sjølvsagt rørande å sjå at romanen er såpass heil og forløyst at den kan vere gjenstand for forenklande lesnadar. Eg tar det som eit teikn på at det er muleg å myse på romanen og sjå ei form. Men eg tør påstå at det er muleg å sjå mykje meir i den enn kva forskarane har definert den som. Setninga som dei gir min bok spesifikt er denne: Hos Karlsvik makter en jagerflyger ikke annet enn symbolske handlinger for å bøte på klimakrisen, mens hun selv bidrar til å forsterke den globale oppvarmingen.
Som forfattar av denne boka har eg ikkje hatt som ambisjon å tematisere klimakrisa eller å gjere hovudpersonen, jagarflygaren, til ein klimahelt. Eg har sett det som min jobb å skildre hennar oppdrag for NATO, og gjere det m.a. med ein form for realisme. Vi møter jagarflygaren i cockpit, i transit eller på oppdrag. Sjølv om eg ikkje er flygar sjølv eller ekspert på dette, så tør eg påstå at medvitet hennar då ikkje først og framst er på kva ho kan gjere for miljøet. Men at ho er drilla til å fokusere på noko ganske anna der, i lufta, i kamp, osv.
Også andre, som NRK P2s litteraturjournalist og -kritikar Marta Nordheim set kunstnarskapen min inn i ein klimalitterær tradisjon. Eg har ikkje hatt intensjon om å skrive i den retninga, og har vore overraska. Men ikkje provosert, ikkje stressa, nei, tvert om. Eg har tenkt at om bøkene kan få ein sånn funksjon så er det fantastisk. Men etter denne kronikken demrar det for meg kvifor så mange vegrar seg mot ymse formar for merkelappar på litteraturen sin (politisk litteratur, historiske romanar, feministiske bøker osv). Det reduserer kunsten og styrer lesnaden. Forskarane ugyldiggjering av romanane til Tomas Espedal, Agnar Lirhus, Brit Bildøen og meg viser kvifor romanar er gyldige og nødvendige.Kronikken minner meg om viktigheita av kjeldekritikk, også til dei som jobbar over lengre tid med store ressursar (tresaman) for å finne "sanninga". Så er kanskje romanen, på eitt plan, minst like sann som faglitteraturen. Romanen lovar berre å gi ein individuell erfaring av verda. Og den gir seg ikkje ut for å kunne vere empirisk sann.