Heim
  • Bok & scene
  • Skriv for blad
  • Underviser
  • Bestillingsverk
  • Nettlogg
  • Verk
  • Om/ kontakt

God kritikk i Shakespearetidsskriftet

"Ei medrivande og alvorleg førestilling om ei verd som kan forsvinne"

Dei som fer (Teatret Vårt 2022) av Arne Lygre og Mette Karlsvik, regi ved Mari Vatne Kjeldstadli, er meldt i Shakespearetidsskriftet:

tys.februar.2022

Av solidaritet til fantastiske Shakespeartidsskriftet gjengir eg ikkje heile meldinga her, den kan de kjøpe på nett, på denne sida. Men her er nokre utdrag frå meldinga, skrive av Willy Walder: 

Mette Karlsvik sin tekst er leikande og klangfull. Ho fortel frå norrøn mytologi, om geologisk utvikling, om fiske og oljeindustri, klimakrise og andre slags endringar. Karlsvik syner oss landskap som er både tenkte og reelle, som i alt alvoret er absurde og artige, og gir oss eit Møre og Romsdal – som ho kallar M O R – frå jordas skaping til snøen som falt i fjor.

(...)

Med vatnet tilfører (regissør Mari Vatne Kjeldstadli) forteljingane eit aktivt element på scenen og det vert nesten som ein sjette skodespelar.

(...)

Med Dei som fer har Teatret Vårt fått ein flott start på 50-årsfeiringa si. Stykket dreier seg om endringar, om det å dra frå ein plass mot ein annan, frå ein tilstand mot ein annan, om ei reise som er kritisk. Jorda brenn og flaumar over på same tid.

  • ‹ Forrige
  • Neste ›
© 2023 Mette Karlsvik
info[at] skrift.info
Personvern + kredditering
Design og utvikling Sømme