Vyrde Amund Grimstad kom reisande heilt frå Trøndelag for å sjå urpremieren av Dei som fer på Teatret Vårt 28/1-22. No står meldinga hans i Klassekampen. Eg synest han har lese verket som heilskap veldig godt. Takk for meldinga! Den kan lesast her. Og her er nokre klipp som eg likte særleg godt:
I Mette Karlsviks nyskrivne tekst, «Eg byrjar», trekkjer ho, med utgangspunkt i norrøn og islandsk mytologi, opp dei store linene frå verdas start. Så går ho til det meir lokale, korleis fjell og fjordar i Møre og Romsdal blei til før fosnafolket busette seg der for 12.000 år sia. I humoristiske og kloke vendingar leikar ho seg med ord og ordspel som mellom anna at heimfylket blir forkorta til «MOR» der dette igjen blir eit bilde på moder jord.
(...)
Etter kvart forstår vi at det i stor grad er klimaendringane det handlar om, med stadige og nærast humoristiske brot med vêrmeldingar frå Årø flyplass. Det dystopiske og trykkjande blir understreka av vatnet, men også av ei stor sol som etter kvart heng faretrugande lågt over hovudet vårt. Scenografien er illustrerande, regien er stram, personinstruksjonen god, og det er framifrå ensemblespel.
(...)
Personleg ville eg gjerne ha meir av Karlsvik, av humoren, det leikne, ordspela og innsikta hennar. For dette var lovande.