I TV-serien kræsjar Majka inn i livet til ein gjeng ungar i ein slovakisk landsby. Når ho etterkvart drar attende til Verdsrommet, lovar ho å ein dag komme attende til jorda. Det gjer ho i denne framsyninga. Året er 2241. Kva skjer når denne kunnskapsrike, uvanlege, musikalske jenta møter to norske barn i ei træsja verd? Kven er ho eigentleg? Kvifor kjem ho attende? Korleis kommuniserer ho med dei to barna?
Regi: Jon Tombre
Tekst: Mette Karlsvik
Musikk: Julian Skar
Scenografi: Signe Becker
Lysdesign: Ingeborg Staxrud Olerud
Lyddesign: Julian Skar, Bernt Isak Wærstad og Amund Ulvestad
Produsent: Ingvild Storhaug i samarbeid med Dramatikkens Hus
På scena:
Ingvild Storhaug: vokal
Ane Marthe Sørlien Holen: slagverk
Sondre Pettersen: vokal, romtromme, diverse
Målgruppe: frå 9 år
Støtta av: Norsk Kulturråd, Fond For Lyd & Bilde, Fond For Utøvende Kunstnere, Notam og Dramatikkens hus
Urframføring under SHOWBOX