Heim
  • Bok & scene
  • Skriv for blad
  • Underviser
  • Bestillingsverk
  • Nettlogg
  • Verk
  • Om/ kontakt

Bok 11, andre langdikt

UR lansert i UK

Den nye boka mi er trykt og blir skipa over Atlanterhavet: frå formgjevar&trykkefolk i Glasgow, via Skien, til Oslo. Snart skal UR attende til UK. Då for lansering i London.

tor.august.2015

Takk til Emlyn Firth for fantastisk formarbeid, og Tom-Erik Lønnerød for fridom + all/ enorm/ endelaus hjelp frå forlaget. Ved nemning av ordet «fridom» kjem eg dette i hug: UR er ikkje ein vanleg publikasjon. Det er fem publikasjonar i ein. Eg får gi ut fem diktbøker på same dag. Ikkje berre det. Vi lanserer dei fem bøkene i London i mars 2015, på The Shoreditch ved Brick Lane.


UR er fem bøker, individuelt innbundet, og samla til eit verk. Fem variasjonar over tema «byrjing»/ opphav:
Librettoarbeidet UR har med dette blitt bok. Boka er eit arkiv. Arkivet er alle verdas isbrear. Isen smeltar. Språket i UR er eitt smelta språk, er norsk-islandsk-skotsk.

Teksten er ei gjendiktning etter librettoen til operaen UR_ (komponist: Anna Thorvaldsdottir). Operaen blir spelt m.a. på Ultimafestivalen 2015 (16. – 19. september, på Den norske opera og ballett i Bjørvika). De kan lese meir om operaen her.

  • ‹ Forrige
  • Neste ›
© 2025 Mette Karlsvik
info[at] skrift.info
Personvern + kredditering
Design og utvikling Sømme