Helene Larsen i Asbergerinformator har gjort ein klok lesnad av førre romanen min, Mørkerom, og har skrive eit personleg, gripande og poetisk lite bokessay om den. Ho skriv om bileter av tida før eg-personen kom til verda, om vegen frå celle til menneske. Vi får eit djupdykk ned i detaljar rundt når eit menneske dannast i mors mage, og fargerike skildringar av minne og bileter som framkallast att i svart/kvitt. Vi får forståing av val av blendar og lukkartid, langsamt og nøye beskrive, og kva teknikken, vala som tas, tyder for biletet – og for minna. Det er også ultralydbileter, og det er røntgenbileter. Det er skuggar som tek liv.
Ho skriv:
Eg vil gi ho tjue i stil, om dette er hopp. Og det tenkjer eg, at dette tilværet kan kjennest litt ut som, som å stå på stupet.