Den prisløna og særs originale og talentfulle forfattaren og dramatikaren Hilde Susan Jægtnes er aktuell som den utvalde arvtakaren etter Margit Sandemo, og har allereie blitt bestseljar og oppnådd ein form form moderne kultstatus etter første bok i serien. Jægtnes er likevel mest kjent for sine heilt uavhengige prosjekt, slik som dei kritikarroste og særs underhaldande og/eller sterke og/eller medrivande romanane Jeg grunnla De forente stater og Hildra, og manusa ho har skrive til prisvinnande filmar og TV-seriar (Okkupert, tredje sesong, m.a.). Dei siste månadane har det tidvis dukka opp små smykke av nokre meldingar på SoMe-profilane til Jægtnes: På berre eit par setningar, maktar ho å oppsummere både form og tema i romanar frå det smalare segmentet av norsk samtidslitteratur. Denne originale formen for særs stram og presis instakritikk er som kortessays, som når eit ikkje ubetydeleg tal lesarar, all tid Jægtnes har eit stort nettverk og ein populær profil på SoMe. Kort sagt: Kult og for oss som er så heldige å få Jægtnes auge kasta på bøkene våre - ein herleg form for formidling.
Jægtnes skriv, om den nye romanen min, Året har har tretten netter :
Mette Karlsviks roman «Året har tretten netter» skildrer en kvinne ved navn Mette (43) som jakter etter kjærligheten på Tinder etter en skilsmisse. Det tilsynelatende enkle og gjenkjennelige premisset åpner for en dyptgående, lyrisk og sanselig utforsking av identitet, oppvekst, det intrikate og ofte uoversiktlige samspillet mellom kropp og sinn, og et ødeleggende maktspill i vaklingen mellom åpenhet og beskyttelse, underkastelse og kontroll, ømhet og seksuell råskap. Som alltid er det deilig å befinne seg i en tekst av Mette Karlsvik: Med forbløffende mot og språklig suverenitet setter hun fingeren på de farligste og mest fundamentale punkter i menneskedyret, og knytter forbindelser mellom tidlig barndom og den voksnes mønstre og behov. Anbefales sterkt!