Dei siste fem åra har vinteren vore den mest spennande. Då har eg lese, sett, lytta til og analysert innhaldet i søknadar til Statens kunstnerstipend. Eg er leiar for ein komité på seks. Alle les og vurderer alle søknadane. Og om ei drøy veke møtest vi for fem heile dagar med diskusjon. Kven skal få stipend frå Kulturrådets ordning for Andre kunstnargrupper? Kven er dei beste teikneseriekunstnarnane, arkitektane, illustratørane, scenekunstnarane, tverrfaglege kunstnarar og så vidare? Viss årets runde liknar fjorårets, vil det vere midlar til rundt elleve arbeiddstipend frå oss i år. Innstillingane blir offentlege i slutten av mars eller byrjinga av april.