Forfattar og kritikar Sigmund Jensen har lese alle novellene i Samlagets antologi Slutten på historia, og har klart den bragda som det er å trekke ut essensen av kvar einaste ei. Om novella som eg leverte, skriv han: "Mette Karlsviks tekst handler om F-16-piloten Levis kjærlighet til buddhisten Shankari, og oppleves med sin skarpe politiske brodd som dagsaktuell."
Favorittlesinga er likevel den han har gjort av Gaute Sortlands novelle, som han skildrar slik: "Gaute M. Sortland er jo også seg selv lik, for å si det slik, der en mann raker løv i håp om seksuell belønning og hans kone nekter å ha en kjedelig lørdag til, og de begge får i seg fleinsopp og døper den nye hunden Sony etter PlayStation."
Takk til Samlaget for fin bok, og til dei andre forfattarane, Siri Økland, Therese Bakkevold, Endre Tveit, Kjersti Rorgemoen, Frode Grytten og Mads Rage, for gode tekstar.
Antologien er tileigna Siri Økland, som døydde hausten 2021.