... i Bergens Tidende fredag 25/11. Eg set stor pris på meldinga, som eg ser som ei grundig lesing og ei seriøs og klok melding. Mykje å vere samd i her! Fordi meldaren viser seg som klok og grundig blir eg overraska over og kjenner for å kommentere på ein del av meldinga. Her og der har eg leika meg med romansjangeren, leika med språket. No og då svinger prosaen litt ekstra langt ut til sidene, og menadrar ut i enderim og annan språkleik. Meldaren hintar om at språkleiken ikkje er stor poesi. Og poesi var det heller ikkje tenkt som. Dette var tenkt som ein 350 sider lang roman.