Ho gir meg terningkast seks, Helene Larsen, som er ein særs habil forfattar, og bloggen ein som eg stadig kjem tilbake til for å lese bokessays/-meldingar. Ho har faktisk god litteratursmak, det er ikkje meint som sjølvskryt. Larsen var publisert allereie før ho byrja på Samlagets forfattarskule våren 2022.
Tittelen hennar, Open, berr, får meg til å minnast at min eigen arbeidstittel til langt utpå, var Sår/ berr. Open/ berr hadde midlertid vore draumetittelen, det er det openbare eg traktar etter. Dei innsiktene og erkjenningane som er tindrande klåre fordi dei er kjente, ikkje tenkte. Men dei erkjenningane kjem ikkje lett for meg, og ikkje kan eg arbeide dei fram, heller. Det er i kontrollens natur. Eg grip hardare, og mistar grepet, som Fartein Horgar var inne på i meldinga si av boka i Adresseavisen.
Les heile meldinga her, og bli klok på ambivalens utan dveling, og om konsekvensane av ikkje å vere stø i seg sjølv og møter eit tilsynelatande varmt og tiltrekkande menneske.