Forfattarar går til dei større historiane for å formidle dei private, "små" historiane. Mange er vi som leiter i dei gjentekne forteljingane
etter gjengklang og kjensle av samanheng når det meiningslause skjer. I ei bokmelding for Bokvennen litterær avis, set Birgitte Gustava Røthe Bjørnøy den individuelle erfaringa av min romankarakter i samanheng med større historier. Med religiøse historier, men også Roland Barthes tak på kunsthistoria. Sjølv har eg forsøkt å syne Noreg på åttitalet; oljeoptimismen som gav framtidsoptimisme og fokuset på ein kan bli betre, sterkare, sunnare, rikare, meir effektiv, meir inntektsgivande. Men så gjekk det på helsa laus, for nokre:
Førdagen ville Trygve Karlsvik ha fylt 70 år. Han ville ha blitt feira stort av tre barn, åtte barnebarn, kone, søsken, søskens barn, eigne søskenbarn og venner og kollegaer, og ville ha vist takknemlegheit og glede for feiringa fordi det var ein måte å samle slekt og venner. Og sannsynlegvis elles gjort alt han kunne for at det ikkje skulle handle så mykje om han. For slik var far min, mannen som det nesten ikkje finst bilde av fordi han alltid var den som tok bilde og som sette andre i fokus. (Blant dei gode unntaka er bilde som er vist her og som eg har lånt frå bror hans, fotograf og avisredaktør Ove Karlsvik).
Far døydde alt for tidleg, for alt for mange år sidan. Eg har forsøkt å ikkje spekulere så mykje rundt den aggressive kreften. Det var ikkje hans stil å hisse opp og bidra til konflikt. Men Luftfartsverket gjorde ting feil og det må seiast høgt for at det ikkje skal få skje igjen:
Hugsar de åtti- og nittitalet med flygeleiarstreiker og større reisekaos? Det var mykje forseinking, kansellering og stress på flyplassane. Det råka oss reisande, og dei som fekk skulda, var flygeleiarane. Dei streika og forsøkte å få Luftfartsverket til å innsjå feilen sin: Dei hadde ikkje utdanna nok flygeleiarar. Norske tårn var underbemanna. Dei fleste streikande flygeleiarane var ikkje interessert i høgare løn men meir tid. Tid til å sove og kunne gå opplagte på jobb og ikkje setje dei reisande sine liv i fare. Tid til å sove og ta vare på seg sjølv og ikkje bli sjuk og bli sjukemeldte eller å bli alvorleg sjuk og gå bort. Tid til hobbyar, fritid, til familie og venner. Dei jobba opp til eit heilt årsverk ekstra. Far min jobba eitt år 600 timar overtid. Samtidig hang kravet om å vere opplagt og utkvilt over han. Han skulle ikkje gå på jobb om han ikkje hadde sove så så mykje. Men kva gjer ein når det ikkje finst kollegaer som kan ta skiftet?
Luftfartsverket skjønte ikkje eller innrømma iallfall ikkje at det var for få flygeleiarar i tårna. Når leiar i Flygeleiarforeninga, Rolf Skrede, tok dette opp med dei, la dei tal på bordet som skulle vise at det _var_ flygeleiarar nok. Det var berre det at dei hadde feil tal. Dette skulle det gå tiår før det som då heit Avinor innrømte. Gjennom tiår betalte flygeleiarane for Avinors feil - med sin tid og helse. Så forta Avinor seg med å utdanne fleire, og bemanne tårna betre.
For far min og kollegaer av han, som fekk kreft, kan det ha vore for seint. Overdøydelegheit og stressrelaterte sjukdommar, som kreft, og særleg tjukktarm- og brystkreft, var eit funn som Norsk Flygelederforening gjorde då dei undersøkte helsa til flygeleiarar. Dette gjorde dei på byrjinga av 00-talet, etter at påfallande mange flygeleiarar vart sjuke og døydde. NFFs eigen statistikk synte altså oppsiktsvekkande funn og over gjennomsnittet høg døydelegheit. Kreftforeningen meinte at utvalet (flygeleiarane) var for lite til at dei ville gå inn og forske på dette sjølv. Men funna til NFF var spreidd internt og presentert av m.a. tidlegare NFF-leiar Rolf Skrede, som seier "Eg har vore i gravferda til alt for mange alt for unge kollegaer".
Far min synte sjeldan ovanfor oss i heimen at han blei stressa av situasjonen. Han strekte seg og holdt gode miner for familien sin skuld. Plutseleg døydde han, av magekreft som ikkje var oppdaga. (Så her kan ein også stille spørsmålsteikn ved fastlegen som far min gjekk til fleire gongar med plagene og symptoma som burde fått det til å ringe i ei bjelle hos legen - for ikkje å snakke om dei ekstreme smertene som til slutt var så sterke at han ikkje klarte å gå trappene opp til tårnet lenger). Det tok berre fire-fem veker frå far min fekk røngten til han døydde. Samtidig fann sjefen hans i tårnet i Kvernberget ut at han hadde akkurat same krefttype. Sjefsflygeleiaren døydde óg, noko seinare. To av fire flygeleiarar døydde i det tårnet. Om eg ikkje hugsar feil var det liknande historier frå andre tårn, som Torp (eller Rygge, eg hugsar ikkje) og Værnes (trur eg) og fleire. Dei var unge flygeleiarar. Midt i liva sine.
Eg ser ikkje at flygeleiarforeninga sin statistikk kom vidare, at det fekk nokre konsekvensar for Avinor. Alt eg håpar på no er at det faktisk _er_ betre for flygeleiarane. Og at vi klarar å hugse, om det igjen skulle bli streik blant flygeleiarane, at dei har streika fordi arbeidssituasjonen gjekk på helsa deira - og dei reisande sin sikkerheit - laus.
Bilde teke og framkalla av Ove Karlsvik: